BRONSEALDERDRAKT - MANN |
||||
Drakta med smykke er meint å representere eldre bronsealder.I kombinasjon med yngre smykke og våpen kan same drakta representere mannsdrakta i yngre bronsealder.Rekonstruksjonen tek utgangspunkt i draktene frå Trindhøj og Guldhøj Danmark. Drakta kan leverast i mørk brun (biletet), lys brun og naturkvit.Den nyreforma kappa og omslagskofta er laga etter mønster frå Trindhøj.Hua kan leverast i to utgåver - ei høg basert på Trindhøj, eller ei låg basert på Guldhøj.Skoa er replika av Kvitingkjølskoen som nyleg dukka fram frå brekanten i Oppland.Eit minimum av såkalla dobbeltknappar og tutuli i bronse trengst for å halde kofte, kappe og belte på plass.Drakta kan leverast med ei mengd anna utstyr, våpen og smykke (sjå www.bronsereplika.no).
|
||||
|
||||
|